Takk for ei flott trivsels-undersøking og oppfølging undervegs.
GAIS-rapporten brukar vi no til det fulle, og det arbeidet vi har satt i gong med på Svelgen Omsorgssenter er KS sitt prosjekt «Tørn». Her ser vi på arbeidsoppgåver og ressursbruk. Men det som gjer til at vi knyt det opp mot Gais undersøkinga, er måten vi jobbar med prosjektet på. Her er alle yrkesgruppene representerte og det er leiar som er prosjektleiar og driv prosjektet. Her er difor både meining, mestring, medbestemmelse, resultat, balanse, leiing og kollegear representert i prosjektarbeidet. Spennande arbeid og eit prosjekt kor alle tilsette på omsorgssenteret får anledning til å bidra.
Mykje av dette engasjementet og fokuset, trur eg vi med sikkerheit kan seiast å vere delvis grunna undersøkinga.
Hilde Gretha Hauge, Kst.Kommunalsjef, Bremanger kommune
Copyright © Alle rettigheder forbeholdes